tirsdag 13. august 2013

Sommarferie - Gordariket på Gol

Mellom utvask og utskjekk på campingplassen ved Flå og tidspunktet da svigermor skulle ankomme firmahytta ho hadde fått låne i Hemsedal hadde vi nokre timar å slå ihjel på ein søndag. Valget falt på Gordariket viking- og familiepark på Gol. Det var varmt når sola titta fram, men litt kjølig og 'nummeret før det begynner å regne'. Eg har budd på Go i to år, og har besøkt Gol stavkyrkje fleire gongar medan den enda stod fritt ute på ein open plass. No var den ein del av Gordariket. Framleis like flott - og det beste ved heile parken.

Gol stavkyrkje er frå 1200-talet. Den som står her no er ein kopi.

Sjølv om det "kun" er ein kopi er kyrkja veldig flott. Den er bygd på same måte som de bygde den originale, med gamle metodar. Vi fikk sjå ein film om korleis de laga den. Til og med ungane synas det var ok å sjå.
Denne supersøte og pittelille termosen fann eg i Sverige. Den vart innvia her :) Bak kan ein sjå eit lite badeland som låg på ei "øy" saman med fleire leikeområder og telt. Her vart vi i nesten to timar. Det var for kaldt til at vi kunne bade. Det var eigentlig like greit sidan vatnet i bassenget var skittent og ganske ekkelt.
Far og datter - fine i like klær!


Eg og lillesøster vassa litt. Vi hadde bada nesten kvar dag heile ferien, så vi måtte bli litt våte her også :)

Parken har sikkert vore fin ein gong - no var den slitt og kjennes ganske øde. Men det var ein fin stad å vere nokre timar i eit søndagsstengt Gol sentrum. Vi satte kursen mot Hemsedal og DEN FLOTTE HYTTA! Vent og sjå :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...