torsdag 19. september 2013

Første fotballtrening

Vi er utruleg heldige som får spele på godt kunstgras!
Det lokale idrettslaget inviterte til informasjonskveld om nytt fotballag for de som er fødd i 2008. Vi hadde ikkje moglegheit til å vere på møtet, men meldte vår interesse - og heioghå - veka etter var det tid for første fotballtrening! Storebror var i skyene, og veldig spent! Han har Liverpool-drakt som mannen kjøpte da han var på kamp med de sist haust - den var bænkers, og låg klar i tre dagar før treningsdagen. Vi avtalte med han at han skulle få sko om dette var noko han ville vere med på vidare.
På første trening var både eg og lillesøster med. Lillesøster hadde med seg Hello Kitty-ballen som ho spelte med.
Ho fikk meir fotballtrening ho som styrte sitt eige løp. Ho er opptatt av ball, og i sommar kunne ho sparke rundt på Hello Kitty-ballen sin i lange perioder. Ho er så flink å treffe, sparker ballen langt av gårde, og springer etter. Knallbra trening!
Det var ein stor gjeng på rundt 25 spelarar. Det er positivt at ungane får treffe kvarandre før de skal begynne på skulen saman til neste år. Og det er positivt at foreldrene opprettar kontakt! Det er vel nesten heile grunnen til at vi ville vere med på dette; vi hadde i utgangspunktet tenkt at vi ikkje skulle begynne med fritidsaktiviteter heilt enda.
Eg liker ikkje fotball, men å sjå desse kule ungane springe rundt (ofte utan mål og meining), sparke ballen heilt random, stoppe opp og plukke litt på klærna sine, springe bak mål, forlate bana for å ta seg ein sup vatn/få ein klem av foreldra for så å berre stå i ro med eit fjernt uttrykk i augene medan ballen trillar sakte forbi de - det er god underholdning!:)
I går var det trening nummer to, og denne gongen var det 9 kalde varmegrader og pøsregn. Mannen og storebror trossa været og gjekk på trening medan eg og lillesøster gjorde vekeshandlinga. Det var ein våt og kald gut som kom inn i bilen etter endt trening - men han hadde hatt det så kjekt!! Ein tøffing!

2 kommentarer:

  1. Hei og tusen takk for kommentar inne hos meg :)
    Legoslipsene er bestilt her: http://www.etsy.com/no-en/listing/127491180/childrens-lego-tie-or-necklace?ref=sr_gallery_5&ga_search_query=lego+tie&ga_view_type=gallery&ga_ship_to=NO&ga_search_type=all&ga_facet=lego+tie

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...