![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgWBHH7ZcXZc6Hj2nbO_-5k5WkZivvioK9QuzcBjeI3Bm8JLKbmcsxFsofW92QKymGaDpL_eyidubXQ3aI5cWvVTiyxMqkKiVHhLYVWGQ9w5Mhbt1Xaip4NOGR5TOSkeytKSQcwKUROCseN/s320/46-IMG_3140.JPG) |
Rododendroen har begynt å få blomar igjen. Why? Og ser du den lille mauren på bladet til venstre? |
Når eg ødelegger noko er min første tanke "Var det nokon som såg meg?" Er svaret nei tenkjer eg "Kan nokon se at det er ødelagt?" Er svaret nei later eg som ingenting - it wasn't me. Så da eg kræsja inn i bilen som hadde parkert bak med den laurdagen i juni tenkte eg "Ånei, eg håper ingen såg meg, men sjå der står mannen og ser rart på meg, ånei her kjem det ein mann springande!" Ok, greit nok, så da må eg stå for handlingane mine. Og her kjem det som gjør at eg ikkje føler meg så snikete likevel. Når eg da har blitt tatt på fersken, eg har ødelagt noko og nokon har sett det tenkjer eg følgande "Skam deg! No må du betale det som det kostar for å få fikse det; og det er TIL PASS ÅT DEG!"
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgFzDZmAE2tYtbxJaTcQD5tz3GPp0I6BdgTuOMryGfBIGpYxJ6Cg7pHsBxpakMzCHqf5IMRsTE3-yoOs2ze0q0w8o8u_8uWyJjJ8hN-VpYPx1Zk8XnNWYHRBpTFCSOkx8Oky61Ap2WUUgoD/s320/47-IMG_3143.JPG) |
Ein snegl som har klart å unnslippe ungane sin sneglejakt. |
Så når forsikringsseleskapet kjem og seier "Åj, var du litt uheldig du?
Jamen det skal vi dekke, det går heilt fint. Men neste gong må du betale
i alle fall litt." blir eg heilt himmelfallen. Å ha eit god forsikring i
ryggen er som å ha rike foreldre som seier "Gje meg kontonummeret du
vennen min, så skal pappa fikse dette for deg veit du."
Ja, eg veit at vi betalar for å ha forsikring, men det er det mannen sin utgift - altså noko eg gløymer, og elsker at eg kan nyte godt av :)
Og no har vi bestemt at eg skal begynne å betale forsikringa. Kanskje på sin plass det. Host *harkræsjatogangerdetsistehalveåret* kremt
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!