lørdag 5. oktober 2013

Tolmodighet



 Eg er ein utolmodig person. Eg ser helst at ting alt er gjort, eller blir gjort umiddelbart. Eg har kort lunte og er ikkje redd for å ta ein diskusjon. "Du er så tydleg!" seier sjefen min til meg. Og det liker eg at eg er. Men når det handler om det å vere mor er utolmodighet og kort lunte ein u-ting. Før eg fikk barn var eg sikker å at eg kom til å slå ned på de minste teikn for somling, uklarhet og latskap. Heldigvis stemmer ikkje dette i det heile tatt!

Mannen min er ein tomodig person. Han kan snakke om noko han vil ha gjort, tenkje på det eit par veker, kanskje nokre månader eller fleire år, før han kanskje vel å gjøre noko med det. Han er roleg og konfliktsky. "Han er ein slik som du kan pirke på auget utan at han hissar seg opp" sa ein kollaga av han til meg. Og det likar han å høyre. Når det handler om det å vere far er tolmodighet og eit roleg sinn flotte eigenskaper. Før han fikk barn trudde han at han kom til å la det meste fare - somling, uklarhet og latskap. Heldigvis stemmer ikkje dette i det heile tatt!
Eg er effektiv og gjer ikkje ungane mange sjanser på å forbetre oppførselsen sin før eg tar de vekk frå situasjonen og gjer de klar beskjed om kvifor. Her er eg akkurat som eg trudde eg ville bli. Når de er treige som sirup om morgonen hjelper eg de på med klærna slik at vi kjem oss utav døra før klokka nærmar seg 08:30 og eg kjeftar. Her er eg akkurat som eg trudde eg ville bli.

Mannen gjer ungane sjanse til å forandre oppførelsen sin både ein, to og fem gongar (før eg får nok og tar de vekk). Her er han akkurat som han (og eg) trudde han ville bli. Når de er treige som sirup om morgonen sitter han på badet med de og pratar med de heilt til de er ferdige i sitt eige tempo. Her er han akkurat som han trudde han ville bli.

Når storebror kjem opp igjen etter at vi trudde han var sovna. Når lillesøster har brukt så lang tid på badet at klokka er 15 minutter over leggetid på kvelden, og ho framleis vil sjå litt på det storebror gjør på nett brettet. Når ungane har brukt alle teppene og alle putene i heile huset på å lage hytte i heile stua. Når storebror plukker gråsteinar og lager utstilling i vindaugskarmen sin. Når lillesøster leser bøker i senga slik at ho sover mellom harde bøker og spisse kanter - da blir mannen irritert. Da blir han meg - kort, tydleg og effektiv. Eg blir han - roleg, tolmodig og har veldig god tid.

Det er så rart!

Eg glad for at eg opplever at eg innimellom har tolmodighet. Og er er glad for at mannen min innimellom er effektiv. Vi er fornøyde med at vi er så pass ulike, vi er sterke på kvarandre sine svake områder. Saman håpar eg at vi klarer å gje ungane rom for å finne ut korleis de ønskjer å vere som mennesker. Så lang har begge fått min utolmodige natur, men innimellom er de så tolmodige at til og med mannen blir imponerte. Kanskje blir de ein stad imellom? Det hadde kanskje vore det beste :)

2 kommentarer:

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...