mandag 11. november 2013

Kanadaskogen

Søndagsidyll
I går var det sol og det betyr ut på tur. Vi pakka som vanleg med oss lunch, sitteunderlag, kakao, kaffi og snacks og tok turen til Kanadaskogen. Her har vi gått mykje tidlegare, men det siste året har ungane utvikla ei motvilje mot å gå på veg - og den løypa vi kjenner i Kanadaskogen er mykje veg. No ville vi nå eit utkikkspunkt som vi hadde lest om på nettet ei tid tilbake, og kanskje til og med Viggohytten, der de sel vaflar på søndagar.

Tennebekktjørna
Etter å ha gått lenge på veg begynte ungane å få NOK. Eg begynte å spørre folk som kom mot oss "kor langt er det til Viggohytten?" Alle sperra augene opp og stirra på sutrete unger før de sa "Det er veldig langt altså!" Omsider møtte vi ein eldre herremann som sa at det ville ta oss ein time, sutrete unger tatt i betraktning. Da tok vi ein rask venstresving vekk frå vegen og opp på ein liten topp der vi møtte fantastisk utsikt over Tennebekktjørna, Lyderhorn og uttallige fjell og haugar. Irrgrønn skog overalt og heilt stille!
Ungane var superhappy fordi vi endelig høyrte etter når de sa at de ikkje ville gå meir, og lunchen forsvan på eit blunk. Eg prøvde å starte ein samtale, men da sa mannen berre "hysj", også var vi stille i stadenfor - herremin kor deilig!

Kaffe i vår svenskimporterte pinnelille termos, vatn og restar av potetskruar frå laurdagskvelden.
Skog, skog, skog!
Lillesøster har den siste månaden tatt opp gamle vaner i form av totimers voken-midt-på-natta, så ho var trøtt og lei også etter lunchpausa. Mannen tok ho med og gjekk korte vegen tilbake til bilen medan eg og storebror gjekk den lange vegen (2 km) for å ha runden rundt Tennebekktjørna i boks.
Eg trur heile Bergen var ute og gjekk i går. Det var folk overalt og heile tida. Utanom lunchplassen vår da - den hadde vi heilt for oss sjølve:) Vi såg fleire gapahukar som vi vil prøve ut ein dag det regner skikkelig! Vi kan gjerne gå i regn, men det er litt kjedelig når nista blir våt. No som vi fann fleire i Kanadaskogen veit vi kvar vi kan gå for ein regnværstur!

Går det ann å gå tur utan å spise lunch ute seier du? Nei, det trur eg ikkje på :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...