søndag 8. desember 2013

Perleutfordring

Ein av gåvene i kalenderane var ein pose med einelleranna type perlegreier som vi ikkje viste kva var. Inni denne posen var det kuler i plast, eit brett, sprayflaske, oppskrift og ein type pinsett - dette var skikkelig smått! Storebror ville lage som biletet, medan lillesøster berre la de saman på brettet og laga mønster der.
Her fikk finmotorikken verkleg bryne seg. Kulene trille for eit godt ord, og storebror hissa seg meir og meir opp (det er grunnen til at han står å ser på at mannen perlar på den øveste biletet). Dette er sikkert gøy, men eg fraråder å gje det til ein trøtt og tanken trassig unge på femogeithalvt.
Når biletet var ferdig spraya vi det med vatn - noko som var det gøyaste av heile prosessen! Det skulle tørke litt, så da gjekk vi ned i kjellaren for å rydde barnerommene. Og sidan har eg ikkje sett noko til noko som helst av dette. Så kven veit korleis det gjekk.

Eg gjettar at det ikkje gjekk og at mannen derfor har tilintetgjort alle spor av perleaktivitet. Oh well.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...