lørdag 7. desember 2013

Julekaker

Årets bakst inneheld gamle favorittar og nye forsøk! "Kven gidder vel å bake 7 slag i 2013?!" høyre eg på radioen da eg uheldigvis var innom P3 på veg til jobb. Jo - eg! :)
 Min barndomsfavoritt var sjakkruter. Eg lagar kun halv posjon i forhold til oppskrifta eg fikk av mamma. Når ein har sju slag er det eit poeng at det ikkje er så altfor mykje av kvart!
Ein ny favoritt er jasminstenger - med jasminte i deigen. Her er de nysteikte, men når de er kalde dypper vi den eine enden i meligglasur med limesmak og grøn konditorfarge. Denne spiser ungane først når vi severer julekakefat. Eg trur alle likar denne!
Som eg har skrive før bakar vi julemenn og pepperkaker saman med ein vennefamilie kvart år. Ettersom ungane veks til (i 2009 var det to unger på halvanna år, ein på 6 mnd og ein i magen) er det faktisk hjelp i å vere 16 hender som jobbar. Vi får bakt mykje på kort tid! I år steikte vi med varmluft, noko som gjorde at vi kunne steike to brett om gongen. Det var meir effektivt enn å vente på nye brett heile tida.
 På onsdag bakte eg og lillesøster syltetøykaker medan gutta boys var på butikken for å gjøre vekeshandlinga. Denne er ny av året, og kjem nok til å bli laga igjen :) Vi lagde ein enkel smørdeig med eitt egg som vi rulla ut og stakk sirklar i ved hjelp av glass. Ein klatt bringebærsyltetøy - så bretta vi over til havmånar.
 Dette klarte lillesøster kjempefint! Litt gaffel overalt, men de vart akkurat like gode!
I går bakte eg marsipankaker. Det tok eg dessverre ikkje bileter av, men er enklet og greit ein type kjeks med marsipan i midten. Også denne er ny av året. Dyppa i smelta sjokolade kan eg ikkje seie at dette vart feil på noko som helst måte!

Det 7. slaget er ikkje julekake, men julesnop. Denne lagde vi også i fjord. Da gøymte vi det unna ungane slik at vi fikk spise alt i fred. I år trur eg vi skal la de få ta del av herleghetane! Marsipan, nougatt og sjokolade, nam!

Vi har masse besøk før jul, så kakeboksane skal nok bli tomme - som alltid!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...