fredag 6. desember 2013

Kamerater

I går hadde storebror med seg ein kamerat heim frå barnehagen som vi ikkje kjenner så godt. Sjølvsagt har vi eit inntrykk, men sidan han ikkje har vore her utanom bursdagar før viste vi lite om han. Og han var langt frå slik vi hadde trudd (er ikkje de fleste mennesker annleis ein ein trur før ein blir betre kjent?)! Ikkje sjenert som vi trudde! Derimot høffleg, tydleg og interessert. De to leika uavbrutt heile ettermiddagen. Det er ALLTID lego det går i når storebror har venner på besøk!

Eg har høyrt fleire mammaer seie at noko av det viktigaste ein gjør er å bli kjent med vennane til barna dine. Dette blir nok ekstra viktig når ungane blir eldre. Vi vil vel vere ein foreldre som de andre tørr å ringe til om noko er galt? Da må de kjenne oss, og vi må kjenne de. Da trur eg terskelen blir lågare. I denne omgang synas vi berre det er kjekt med besøk. Latter frå kjellaren, eit rom med lego overalt, og ein sliten og fornøyd gut om kvelden :)

I dag avspaserer eg igjen - det er heilt fantastisk! Vekene er så fulle av vi rekker ikkje å holde huset skikkelig, så i dag vasker eg både gulv, bad og klær. Eg baker også siste slag av julekaker, akkurat i tide til julekakebesøkene vi skal ha både laurdag og søndag.

Her går det fort i svingane, noko som er deilig - i alle fall når vi har ei lang to-vekers juleferie ventande ikkje langt der framme :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...