torsdag 5. desember 2013

Havrekjeks

Kjekt med bakehjelp frå store unger!
Vi skulle ha middagsbesøk måndag sist veke. Vi ville ha noko til dessert, men synas det var litt tidleg å bake julekaker enda. Så dagen før laga eg og storebror havrekjeks etter oppskrift frå Elisabeth Andreassen. Desse har eg laga mange gonger, og de er fantastisk gode! Vi hadde nokon sjokoladedråpar som vi rørte i på slutten - det gjorde kjeksene ekstra gode! Sidan det er kanel i røra smakar det litt jul også:)
200 gr smør
3 1/2 dl sukker
1 egg
2 ss vatn
2 dl kveitemjøl
1 ts kanel
1 ts vaniljesukker
1 krm salt
1/2 ts natron
7 dl havregryn

Evt. 2 dl rosiner og 2 dl grovhakka valnøtter

Rør sukker og smør kvitt. Bland i resten av ingrediensane. Steik på 220 gr i 10-15 min (følg med).

Dette er ei ganske stor røre, men kjeksene held seg godt - de var i alle fall kjempgode, men ikkje like sprø, da vi spiste de siste på torsdag veka etter :)

I dag er det storm på vestlandet. Storebror skal ha med ein kamerat heim frå barnehagen. Ellers er det klesvask, trening og litt julebakst som står på timeplanen :) Godt med inneaktiviteter medan vi ventar på at snøen skal komme tilbake!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...