mandag 2. desember 2013

Service-dagen

Eit lite søskenbarn på lillesøster sitt rom. Dukkestellebordet er mitt frå 80-tallet.
Etter ei hektisk helg følgjer ein hektisk måndag. Service-dagen! Puste har de siste dagane hatt eit sår mello høgre auge og øyre, som laurdags morgon såg ganske ille ut. Defor begynte dagen i dag med ein time hos dyrelegen kl.08.00. Dvs at før klokka var 08.00 skulle to unger med tilsaman 20 kg ulike klær for ulikt vær, i tillegg til ein pose med gåve til ei anna mamma, i tillegg til støvler til begge ungane, i tillegg til eit PA-anlegg (som eg eigenhendig har bært på og kobla saman og frå kvarandre i helga - klapp på skulderen), 10 nisseposar og eit pengeskrin, to barnehagesekkar og ei jobbveske, samt eit transportbur med eit stykk hylande katt inn i bilen bli levert på dertil eigna stad.

HELDIGVIS var ungane utkvilte, glade og effektive i dag! De samla seg sterke saman rundt den svakaste part, Puste i transportburet sitt, med gode ord, mjuke stemmer og beskymringsmeldingar som eg måtte prøve å svare på. Eg var kun fem minutter for sein til dyrelegen, og det skuldast traffikken, ikkje noko anna! Dagen min begynnte kl.05:07 da eg halvvegs vokna for å snu meg, og kom til å tenkje ein tanke om Puste, og da var eg lys voken og natta var over. Det er typisk at det er slik på travle dager, nettopp de dagane ein trenger å vere utkvilt.

Puste var ved god helse, og fikk skryt for veldig fine tenner og ein slank og sterk kropp. Ikkje ille det for ein katt på 11 år og med suselyd på hjartet! Såret var i dag friskt og fint, dyrelegen barberte ho og rensa litt, men det verste er over - no må vi berre følgje med på at det ikkje blir betent igjen.

Arbeidsdagen vart kort og eg måtte innom det berykta Danmarksplasskrysset i måndagsrush'et i dag sidan bilen skulle på service. (Arbeidsdagen starta foresten veldig bra da eg delte ut nisseposar til alle kollegaene mine før møtet kl.09.00 - som eg akkurat rakk etter å ha vore heimom med Puste - det anbefalast å pumpe folk fulle av sukker!) Men no er også bilen godkjent av fagfolk, og her var det heldigvis ingenting vi måtte passe på framover.

I kveld er det min tur på service. Eg vel vekk styrke- og kondisjonstrening til fordel for yoga rett før sengetid. Det kjenner eg at eg gler meg skikkelig til! Da er det i alle fall tre i huset (ein i huset, ein i hagen og ein i garasja) som har fått topp behandling i dag og kan sove godt i natt :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...