søndag 2. februar 2014

Grilling i skogen

Søndag for to veker sidan inviterte vi ein vennefamilie til skogs for å grille søndagsmiddag og leike i snøen. Eg og storebror laga dessert - eplekake. Det er første gong eg har laga, og eg brukte familieoppskrift som så lang eg veit kjem frå ungane si oldemor på farssida. Fantastisk god! Eplene skulle sikkert ha vore skrella, men det steget hoppa eg vist over! God vart den i alle fall - uansett!
Pølser og pinnebrød! Enkelte rakk knapt å få pølsa på grillspydet sitt før den vart spist opp, medan andre veksla mellom direkte og indirekte varme og fikk skikkelig resultat! Men mette vart vi, heile gjengen!
Når lillesøster først hadde begynt å spise slutta ho liksom aldri - og vart både kald og tanken grinete mot slutten. Vi helte innpå med eplekake og kakao, så tissa ho i snøen, og PANG så var humøret på topp igjen!
Vi må verkeleg grille middag på bål litt oftare!

*og tisse i snøen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...