lørdag 1. februar 2014

Venner på besøk

Lillesøster har besøk av ei av bestevennene sine frå barnehagen for nokre veker sidan.
Småsøsken blir gjerne introdusert for livets gode sider når de er yngre enn det den eldste i familien var første gong - som til dømes laurdagssnop, dataspel, tur i skog og fjell, og vennebesøk. Dette gjelder i alle fall for oss. Storebror begynnte med vennebesøk for rundt eit år sidan, og lillesøster som er to år og fire månader yngre begynte eit halvt år etter. "DET GÅR ANN! Eg også vil!" Det er sjølvsagt superkosleg, men det er meir ansvar å ha ein treåring på besøk enn ein som snart er seks. Lillesøster har heller ikkje så ofte besøk som storebror - men eg trur ikkje ho teller!

Puste er tøff og tørr å ta imot snop frå to småjenter!
I dag har ho besøk av ei venninne som ikkje berre er tre år, men i tillegg har diabetes type 2, så du må tru eg går på nåler! Foreldrene var rolege da de leverte - blodsukkeret var fint og litt høgt slik at ho skal klare seg fint i to timar her hos oss. Så da går det heilt sikkert fint! Om det ikkje gjør det har vi ikkje mindre enn to akuttsjukepleiere som naboar, og eg er ikkje redd for å ta de i bruk! Neida - vi har syltetøy i kjøleskapet - eg har skjønt det slik at det sikkert fungere betre :)

Neida. Eg slapper av eg altså.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...