tirsdag 4. mars 2014

Treningseffekt

De siste to åra der eg har trent kvar veke har kan eg ikkje hugse at eg har hatt så LITE LYST som eg hadde i går. Eg hadde booka meg inn på spinning med ein instruktør eg likar og som har god musikk. Men eg hadde berre ikkje lyst! Kanskje var eg framleis slapp etter heilfabrikatamiddager heile helga? (JA!) Kanskje ville eg heller vere heime med mann og barn som hadde vore vekke heile helga? (JA!)
Men eg kom meg ut døra med eit ARG EG HAR BERRE IKKJE LYST I DAG og heldigvis for det! Sur mamma ut døra, glad mamma inn døra ein god time etterpå! Trening er balsam for sure meg! Sitte å trø med kun ein ting å gjøre - trø trø trø. Thats it! Svett og god - voken og klar i hovudet! Deilig, deilig!

I dag begynte eg arbeidsdagen med møte i byn kl.09.00, så alle tre sov til 07:40; nesten som helg :) Energien har altså holdt seg god også i dag! I ettermiddag skal vi bake gulrotmuffins, og i kveld skal eg ha to venninner på besøk. Tenkjer resten av dagen blir god den også :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...