søndag 2. mars 2014

Blåbærkake

I dag er det fastelavenssøndag. Eg baker fastelavensboller med vaniljekrem inni, men det gjør eg ikkje i år sidan ungane ikkje kjem heim før seint i ettermiddag - og da skal vi rett på teater. Men sist helg bakte vi blåbærkake etter ei oppskrift som eg fann i bladet Mat123. Det stod at den skulle i ei form som romma 1,5 l, og det gjorde akkurat den eine brødforma mi. Vidare skulle den steike på 180 grader i 40 minutter, men sidan eg hadde god hjelp av to unger skrudde eg på ovnen medan eg gjorde tre andre ting, noko som førte til at ovnen vart skrudd på 130 (!) grader.

Eg skjønte ikkje kvifor kaka var så bleik. Eg skjønte ikkje kvifor den heva så masse (eller kokte over eigentlig) at det rant masse ned og brant seg i botnen av steikeovnen. Eg skjønte ikkje kvifor den var heilt flytande etter 50 minuttar! Men plutselig såg eg at gradene var feil. Da skrudde eg voldsomt opp, og ein halv time seinare var kaka ferdig:
Heldigvis la eg folie under på eit tidspunkt, men likevel lukta det brent over heile huset! Mannen var grei å vaska ovnen til meg - for eit gris!
Men blåbærkaka var kjempegod! Med ingefær, kardemomme og nellik - mmmmm! Saftig og luftig!
Eg har tatt vare på oppskrifta, denne vil eg lage igjen. Og da skal eg hugse å setje ovnen på korrekt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...