tirsdag 3. juni 2014

Eg vil skrape!


No er eg så oppi husmaling at alt anna føles irrelevant. Også jobben, men der har eg fått uttrykt meg tydleg i dag for øyrer som var heilt enige. Ikkje er vi de einaste som malar hus akkurat no, og det er fleire som heller ville ha vore ute i sola enn å sitte inne på kontor.

I går satte eg ungane foran TV så eg fikk skrapa i to timar. FY OG FY på ein soldag! Men no har det vore sol i ein månad, og ungane var overlykklege for at de fikk vere litt inne. Og eg fikk skrapa. Vinn - vinn. Mannen skrapa i to timar på kvelden, så vi nærmar oss strøk null - sopp og algedreper som skal tørke før strøk ein: grunning.

I kveld skal eg henge med kulturfiffen i Bergen. Eg skal sjå danseforestillinga Les Nuits i Grieghallen med ei god venninne. Kvelden startar sjølvsagt med eit glass vin og ein time til å skravle. Meir rekker verken eg eller ho denne gongen, men vi er glade for det vi får til. Eg gler meg til ein kveld ute!

Storebror og kusine - begge skuleungar i haust. Vi har sandkasse foran huset, men den blir ikkje så ofte brukt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...