søndag 24. august 2014

Nytt tak med utfordringar!

Dette innlegget har ligge lenge på vent. Ikkje fordi det vil ta så lang tid å skrive nokre ord til bileta, men fordi eg - når siste bilete var tatt - var skikkelig lei takprat!

Huset vårt er frå 1968. Taket som var på var originalt, og hadde derfor nådd "forventa levealder": Vi bur i tomannsbolig, og naboen skifta sitt tak det året vi flytta inn. Det var pensjonistar som budde der da, og de valgte ein klar orangefarge som heldigvis har fada litt sidan da! Vi hadde denne fargen:
Godt slitt etter 46 år med bergensvær i alle formar. (Altså sol og regn ;)) Ein del mose hadde begynt å vokse også. Det var framleis tett (så vidt vi viste), men om det begynte å leke hadde det fort blitt dyrt. Vi hadde tenkt å gjøre det sjølve, men - ja - det slo vi frå oss. Vi la ut anbod og hadde mange folk på befaring. Til slutt valgte mannen ein som nett hadde starta eige firma der han sjølv jobba. Og kun han. Mannen kjenner folk i bransjen og forhørte seg. Takmannen fikk gode kommentarar frå fleire hold, og var den rimlegaste, så da vart det han.

Lange veker til kort setning: han brukte lang tid på å komme i gang. Etter tre veker sidan avtalt startdato såg taket slik ut:
Vi ville ha det ferdig (i alle fall så nært som) til vi skulle reise til Mallorca 17.mai. Heile april og heile mai var det nydleg vær - perfekt til å leggje tak! Kvifor han ikkje kom seg på jobb alle desse vårdagane er eit mysterium, men han hadde kun tatt av halve taket da 17.mai kom. Vi bad naboane passe på at han var til stades den veka vi var vekke. Da vi kom heim hadde han tatt av nesten heile taket. Og det var det. (Sitat nabo: "Han har det ikkje travelt") Medan vi drog inn bagasjen kom storebror ned i gangen til oss. "Det var merkelig! Det er vatn på heile kjøkkenet." Vi sprang opp og såg at, ja, her var det vatn overalt!
Her frå over kjøkkenskapene der eg hadde lagra eit brett. Vi hadde fleire skåler ståande her oppe som var fulle av vatn, i tillegg til komfyren, fleire stader på golv og oppå spisebordet, og inni kjøkkenskapene. Vått, vått, vått! Taket på badet, som vart pussa opp i fjor sommar, hadde tydlege gliper, og vi såg sørgerender på golvet. Oppe på loftet var isolasjonen - som heldigvis ligger udekka der oppe - kliss våt! Takmannen hadde ikkje klart å dekkje til det opne taket vårt skikkelig, og det hadde regna heile torsdagen - og alt hadde rent inn! Takmannen kom neste dag og fjerna våt isolasjon. Heldigvis for han var det varme og sol de neste vekene, så alt tørka opp, og han slapp unna med å leggje ny isolasjon.
Etterkvart kom lektene på plass saman med nye lag av det meste (og her har du litt av grunnen til at vi ikkje ordna dette sjølve - 100% kunnskapslaushet). For naboane bytta han veggen som de ser som er mot vårt tak. Vi bad han også om å bytte vårt møne; mot hagen som de ser på biletet. I den grad han var treig med taket (og det var han!), ordna han mønet vårt på to dagar!
Vi valgte decra-tak; altså plater som ser ut som takstein, men som har lengre levetid og garanti. Pris på ekte takstein og decra var så og seie likt. Vi har matt overflate. Eg synas blanke tak er finast, men her kom mannen med ein haug praktiske utfordringar som gjorde at eg heller får nyte andre sine blanke tak.
Her er taket vårt no. Det ser så fint ut! No må vi flikke litt på murmalinga på pipa, så er taket plettfritt! Naboane var redd det ville sjå dumt ut med ulik takfarge på tomannsbolig. Eg veit ikkje kva de tenkjer no, men eg synas absolutt ikkje at det gjør noko. Eg er kjempefornøyd! No!

Etter avtalen skulle takmannen bruke 3 veker. Stillaset stod oppe i 6 heile veker da det var sol og sommar og vi var ute og rundt huset kvar dag! Plagsomt! Naudsynt medan det vart jobba; ja, men når det vart jobba 3 timar annankvar dag - i snitt - føltes det berre dumt! Vi er så missfornøyde med han som fikk jobben! Han utførte den bra og til avtalt pris, men det er det treigaste vi har vore borti!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...