torsdag 14. august 2014

Preikestolen

På veg heim frå sørlandet i sommar hadde vi lagt inn tre netter på Jørpeland for å gå opp på Preikestolen. Fjellplatået har alltid fascinert meg, og det har vore så nært så nært, men eg har aldri vore der! Så dette var verkleg ein draum!

Vi var tidleg ute, og begynte å gå før kl.09.00. For å rekkje ned i tide til å bade på ettermiddagen, for å sleppe unna den verste straumen av turistar og fordi det var meldt skyar før det skulle bli sol.

Vi var langt ifrå de første til å gå! Vi møtte fleire som var på veg tilbake også, og det var alt fulle parkeringsplassar ved utgangspunktet; Preikestolen Fjellstue. Fram til vi var rundt halvvegs var det altså overskya, rundt 22 grader og ok mengde folk. Stien var oppgradert til denne sommaren - så den var verkelig fin! Masse breie, gode trapper! Rundt kl.10:00 kom sola igjennom skyene, og det vart kjempevarmt! Heldigvis var det begynt å bli ganske luftig på dette tidspunktet, så utsikta gjorde at vi ikkje la så mykje merke til heten. Enda.
På eit tidspunkt kunne vi velgje mellom fjellveg eller terrengveg. Vi valgte fjellveg ut til platået. Bratt og trangt og heilt nydleg!


Endelig! Er det ein del av norsk natur som vi kjenner verkleg godt, så er det Preikestolen! Og ein kan ikkje ta feil heller - det finnes vel ikkje noko likt i heile landet! Vi var framme ved målet!
Mannen og storebror spaserer ein tur ut på platået. Vi måtte kle av oss når sola kom. Ingen hadde smurt seg på magen og ryggen, så vi vart litt solbrente alle saman. Ungane for første gong i livet. Sjå utsikta innover Lysefjorden! Og sjå de kjekke gutane mine :)
Litt dingledangle. 604 meter rett ned i fjorden - nice! Heilt uverkleg!

Også dingla vi litt mindre på andre sida av platået. Her hella fjellet litt ned mot kanten, så eg ville ikkje ake meg heilt ut.
Vi åt lunch inne ved fjellet, ungane fann seg litt skugge. Det var enorme mengder folk her oppe (sjølv om det ikkje ser slik ut på desse bileta), og det kom fleire og fleire. Mykje lydar og veldig mykje søppel, og veps.
Klokka er nok 12 her. Sola skin i Lysefjorden. Pang - rett ned! Love it!

Slike skilt var det med jamne mellomrom. De var kjempegode! Her ser du kor langt du har gått, kor langt det er igjen og korleis terrenget er. Dette skiltet stod ved toppen. Den raude prikken kan du sjå heilt oppe til høgre. For når vi har komt så langt så skal vi gå tilbake også.
Vi gjekk terrengvegen tilbake. Rota litt før vi fann den - heilt unødvendig - for alt no begynte ungane å bli varme og grinete. Vi skilte fort lag, som vi hadde gjort store delar av turen opp. Mannen og lillesøster, og eg og storebror i teten. Det er lettare å jobbe med ein unge enn to. Vi gjekk forbi nokre små vatn, og der fikk ungane ta av seg svette fjellsko og kjølne seg litt ned. Det såg himmelsk ut, men både eg og mannen beholdt klamme og varme sko på - i redsel for å rett og slett ikkje orke å ta de på igjen.
Turen tilbake vart tøff. No gjekk vi motstrøms og traff på fleire hundre turistar på veg opp. Det var steikandes varmt, ikkje ein vindpust, vi hadde lite vatn igjen og vi var slitne i bein og motivasjon. Lillesøster fikk sitte ein del på skuldrane til mannen. Storebror gjekk sjølv, og eg såg at han beit tenna saman. "Mamma? Har du også vondt i beina?" Da vi omsider kom ned til fjellstua kjøpte vi store isar til alle og satte oss i skuggen. Eg trur ikkje nokon sa noko på lenge. Vi satte oss i bilen, køyrte til campingen og stupte i fjorden. Der vart vi resten av dagen; det tok tid å kjølne seg ned etter denne turen!


Men alt i alt ein flott tur i nydleg vær - vi har så mange fine bileter! Travelt med så masse folk og så mykje varme! Og vi burde ha hatt med meir drikke, og solkrem. Men når vi snakkar om turen no er det ikkje desse tingene vi hugsar mest; lillesøster seier "Det var lang ned. Rett i havet." Naturopplevinga var enorm for alle fire!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...