mandag 3. november 2014

Gåve frå Tilbords!

Tidlegare i haust var eg med i ein konkurranse som Bremyk Steke og Bake hadde arrangert, Norges beste bakst. Sidan eg var ein av de 500 første som deltok fikk eg sist veke ein mail om at eg kunne hente ei gåve på Tilbords.
Posen hang på kjøkkenet i ei veke før eg hadde tid til å sjå nærmare på den, men den som ventar på noko godt veit de :)
Gåven bestod av justerbar kjevle og slikkepott fra Joseph Joseph. I nydleg gladrosa farge - I like!
Kjevla kan ein altså justere slik at deigen blir akkurat passe tjukk. Eg er meir tilhenger at "jada, berre sleng ihop og dette er meir enn bra nok", men mannen fikk julestjerner i augene da han med ein gong begynte å tenke på pepperkakehusbaking. Så den blir tatt i bruk - berre kanskje ikkje av meg. Uansett er eg superheldig som fikk goodiebag - sjølv om eg ikkje vann konkurransen!

2 kommentarer:

  1. Oi, for en hyggelig bonus! Så lurt at den kan justeres, det har jeg aldri sett før. Nå begynte jeg å glede meg til julebaksten, hoho!

    SvarSlett
  2. Alltid gøy med gaver. Justerbar kjevle hørtes fancy ut.

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...