torsdag 6. november 2014

Obsessed

Det er på tide med eit "posthalvmaratoninnlegg".

Det er i dag 2 mnd sidan eg gjennomførte halvmaraton - og framleis er eg heilt overraska over at eg faktisk har gjort det! Det er LANGT! Og det ligger veldig masse trening i grunnen - i alle fall for meg!
Før eg begynte opptreninga var eg hos kiropraktor for å knekke opp hofter og bekken som hadde låst seg - noko de gjør rundt to gongar i året. Da eg nevnte halvmaraton for han vart han litt stille før han sa "Eg kan jo ikkje nekte deg å gjennomføre det. Men du må trene rolig, og du må auke belastninga gradvis." Da eg var ferdig fleipa eg med at "Vi sjåast jo igjen veka etter halvmaraton vi da!" Og derfor var eg så stolt over at eg klarte å gjennomføre opptrening og gjennomføring med ingen låsingar eller kranglete bekken! Eg tok han på alvor, og hadde fokus på jamn auke i belastning - lengde og intensitet. Og kroppen var med på notane. Også igjennom de 21 km på hard asfalt.

Rundt to veker etter halvmaraton fikk eg influensa og vart sofaliggande. Da låste det seg heilt og eg gjekk på nytt til (ein anna) kiropraktor.

"Halvmaraton? Er du gal! Det er DERFOR du har vondt! Er du KLAR OVER kor mange slag du har påført kroppen din? Kvart einaste steg! Og sjølv om du var trent til å gjøre det ER DET IKKJE NATURLEG FOR MENNESKET Å LØPE SÅ LANGT!"

2000 kroner og fire behandlingar seinare, i kombinasjon med masse heimeøvelser, var eg bra nok til å sleppe å gå tilbake. Eg strekker framleis kvar dag - for innan eg gjekk til kiropraktor post halvmaraton hadde spenningar i nederste del av ryggen ført til fleire låsningar i heile ryggrada. Det betyr at eg no knirkar i muskelknutar og er øm i øvre del av ryggen. Heile tida.

I går var eg til massasje, og for å gjøre ei smertefull historie kort - det var vondt! Aldri før har eg vore så knytt, kanskje med unntak av gongen eg gjekk til massasje 5 dagar før halvmaraton. I tillegg oppdaga ho at eg hadde inflammasjon i musklane i bekkenområdet - etterverknad av all springinga og behandlinga i etterkant. Skal eg bli betre må eg trene lettare. Mindre belastning. Færre repetisjoner. Mindre intensitet.

Og det er knalltøft!

Eg er medlem på sats og digger de tøffaste og hardaste timane de har! Sjølvsagt kan ein ta det litt med ro, men når det står ein instruktør foran og ropet "Kom igjen! Ta i!" så gjør eg det! Eg er jo der for å trene! Eg vil ha MAX utbytte, eg vil ha gangsperre, eg vil ha kliss vått treningstøy! Halvmaratontreninga har gjort meg i god form, eg digger det, og eg vil utnytte det ved å trene hardt!

Men det bør eg ikkje gjøre lenger. Eg kan gjøre det igjen, sikkert, men no må eg høyre på kva kroppen seier og ta det med ro. Lenge nok til at eg er bra igjen.

Derfor skal eg seie opp medlemsskapet mitt på sats i dag. Kun ein månad etter at eg meldte meg inn. Eg kjenner meg sjølv godt nok til at eg veit at det ikkje er noko poeng i at eg går på trening med alle ønskjer om å ta det rolig. Eg klarer det berre ikkje. Den sats som eg går på har kun ein time yoga i veka, det blir dyrt å gå på den timen og thats it.

Det som gjør at dette er litt greit (midt imellom alt det som gjør at eg har lyst til å brøle av skuffelse) er at eg uansett hadde tenkt å gjøre dette satsmedlemsskapet kort. Eg har planer for våren må vite :) Og den opptreninga kan heller ikkje skje i sal ;) I mellomtida får eg holde formen på lavt mosjonistnivå med gåturar, små joggeturar og heimetrening.

Målet er at kroppen skal fungere. Da må eg berre gjøre det som skal til for at den faktisk gjør det.



Men angra eg på halvmaraton?

NEI NEI NEI NEI NEI NEI NEI NEI! Det er noko av det TØFFASTE eg har gjort!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...