fredag 7. november 2014

Søledamkunst

Denne veka har flydd av gårde, og når eg er ferdig på jobb i kveld går vi inn i ei rolegare periode der vi håpar på å fylle tida vår med førjulskos, pepperkakeby-bygging, vennebesøk, og rett og slett berre det å ikkje ha planar kvar einaste dag.

Jobben i kveld består av å delta på utstillingsopning, ikkje av søledamkunst som her, men av ein palestinsk kunstner som jobbar på lerret. Eg er spent på å sjå uttrykket hans.
Vel heime igjen bytter eg plass i sofaen med mannen - han skal treffe ein kamerat i byn, så eg får TV og sofa heilt for meg sjølv. Det veit eg jo å sette pris på :)

Ha ein riktig fin fredag du også!

1 kommentar:

  1. Deilig å ikke ha for mye planer :) Førjulstiden er til for å nytes!

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...