mandag 1. desember 2014

Uflaks!

Det er ikkje alltid forhandsskrivne innlegg er på sin plass. I alle fall ikkje når det blir forandring i planane eg skriver om.

Vi har hatt så uflaks de siste dagane! Desember har vore uflaksmånad de siste åra, med vannlekkasje, bilkræsj, kusma og ymse andre uheldige opplevelser. Vi tok det ei veke for tidleg i år.

På onsdag datt storebror ned frå leikestativet på skulen med hovudet først. Eg måtte skunde meg og hente ein forslått og trist gut. Men ei lang historie kort - det gjekk bra.

På torsdag kræsja mannen bilen vår. Vår bil er fin; bilen som han kræsja i er ikkje fult like fin, så dette blir dyrt.

På fredag brakk mannen armen. For å gjøre ei lang historie kort, han blir betre for kvar dag som går.

Natt til søndag fikk lillesøster akutt øyrebetennelse og skreik i timesvis. Mannen hadde vondt i armen, så eg (som har vore sjuk i helga, men det er jo ingenting i forhold til alt dette andre) var sjukepleiar og prøvde å lindre så godt eg kunne. For å gjøre ei lang historie kort, vi kom fort inn på legevakten og fikk etter kvart tak i øyredråpar og betre smertestillande.
Over skyene er himmelen alltid blå!
Derfor vart bakedagen utsatt, og vi brukte gårsdagen på å sove og slappe av. I dag er eg sjukare enn eg har vore i helga (kanskje ikkje så rart), men mannen er heime med lillesøster. Ho er nok bra til i morgon, og han klarer å bevege fingrane, så da er han kontorfrisk. Så får vi sjå kor lenge eg held ut.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...