fredag 2. januar 2015

Baileyskuler

Årets venninnegåver bestod av ymse snacks til gane og sjel. Eg skulle lage Mozartkuler, men fann ikkje nougat på butikken. Men eg fann eit oppskriftehefte der nougaten skulle ligge, og der var det oppskrift på Baileyskuler.
Ein skulle kunne trille kuler av marsipanen, men den vart for lite fast i fisken til at eg ville klisse med det, så eg kleistra det berre oppi formene. Det er jo smaken og tanken som tel, ikkje sant?
Også så rotete da!
Gåva låg i ein stilig boks med fleire lag. Nederst låg ei krukke heimelaga risgele, eller plommesyltetøy med vanilje. Også nokre posar med god te. Vidare kom eit nøye utvalg av de penaste Baileyskulene eg hadde klart å lage. Også ei lita bok med heile Terje Vigen saman med fine illustrasjonar.

Oppskrifta.
Kosleg å lage sjølv, og mottakarane vart veldig glade! :)

1 kommentar:

  1. Det så godt ut :) Og så koselig å lage gave til venninner da!

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...