søndag 8. mars 2015

Fanahue til baby

Denne veka vart ein av barndomsvenninnene mine mamma igjen - og denne gongen til ei lita jente! Eg strikka ei lita hue i Fanamønster til den trondhjemske lillesøstera tidlegare i vinter - i restegarn sjølvsagt :)
Eg er så glad i Fanamønsteret! Eg ønskjer meg ei jakke i Fanamønster, og synas den er finast med raud og kvit! Med restegarn i de rette fargane var det berre å hive seg på pinnane! Oppskrifta har eg i boka "Norsk Småstrikk".
Det er så koselig å strikke til småtroll! I alle fall når eg ikkje har nokon sjølve lengre!
Eg lagde til og med eigen dusk - noko eg ikkje har gidda tidlegare, men no har eg skaffa meg ein "duskmaker" som gjør jobben lettare. Dette var ei kjekk gåve å sende oppover! Med ein liten smak av Bergen :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...