tirsdag 7. april 2015

Crawlingkurs

Sidan januar har eg gått på crawlingkurs 10 tysdagar og har rett og slett lært meg å crawle. Ikkje slik "eg veit at armane skal rundt og rundt, også skal eg sparke med beina"-crawl, men teknikken. Vridning, beinspark, rotasjon, pusteteknikk, rytme og i det heile tatt. Ein lærer masse på 10 gongar!
Etter første økt måtte eg kjøpe badedrakt. Crawl i bikini fungerer veldig dårlig, heile trusa smatt av ved fråspark! Briller er også eit must sidan ein ligg med ansiktet ned heile tida. Eg kjøpte også naseklype, men før eg kom meg i bassenget den andre gongen sa ein av de andre kursdeltakarane at det var lurt å prøve utan to-tre gongar for å sjå om nasa slutta å ta inn vatn. Det stemte, så naseklypa er ubrukt!
Det har vore så kjekt å lære noko nytt! Å vere i bassenget aleine på kvelden kvar tysdag saman med ein flott gjeng der alle har samme mål: å lære noko. Eg har fått ting til, eg har følt at alt eg hadde lært var vekke, og eg har blitt heilt overraska over kor fort ein kjem seg fram i vatn når ein crawlar framfor brystsvømming. Heilt utruleg gøy! Spørs om eg hugser dette framover når eg ikkje held det ved like, men eg håpar noko blir hengande i! Det var i alle fall gøy å klare det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...