tirsdag 26. mai 2015

Knebøyutfordring!

Ikkje før eg rukke å kjenne på saknet etter yoga - no 13 dagar etter at eg fullførte 30 Days of Yoga før eg er på eit nytt køyr. Denne gongen takket vere i FORM!
Knebøyutfordring. Tabloidsk nok laga for ei studentinne som vil ha "fast rumpe til bryllupet" - whatever - men med tilhørande styrketest før og etter utfordringa. Eg veit sjeldan kor "god" er er sidan eg trener aleine, men eg er i alle fall betre enn denne testpersonen; på nokre av øvelsane også betre no før utfordringa har begynt, enn ho var etter at ho var ferdig. Så ulikt utgangspunkt her altså, noko som betyr at det ikkje vil ha like mykje å seie for meg som for ho. Men samma det! Knebøy er knallbra trening og eg hiver meg på!
Normalt sett trener eg knebøy med 20 kg vekter, 3x12 (15). No gjør eg det utan ekstra vekt. Dag ein var på laurdag; 50! Eg gjør de på rappen, men ein kan vel dele det opp vil eg tru. I dag er eg på dag 4 og har tatt 80. Ein aukar altså med 10 kvar dag, også er det enkelte pausedagar. Målet er 250 knebøy i eit bankande! Det hadde eg nok ikkje klart no, så det blir nok bra - også er det alltid gøy med slike utfordringar! Sjølv om det er ganske så kjedelig å gjøre knebøy :) Eg er spent på resultata av styrketestane etter endt utfordring. Og når denne utfordringa er over er det så og seie sommarferie!! Hurra!

2 kommentarer:

  1. OI 250 knebøt på rappen. Jeg har gjort mye knebøy. Stort sett fordi det fikk babyen til å sovne i armene av den bevegelsen. Kanskje jeg skal prøve utfordringen jeg og. Dette kan jo gjøres foran tven, eller under lek med ungene. 250 knebøy i ett.... Det hørtes voldsomt ut.

    SvarSlett
  2. Knebøy med baby - to fluer i ein smekk! Ei eg kjente ein gong påstod hardnakka at hennes baby kun ville amme om ho gjorde utfall - haha! Bli med på utfordringa! 250 er ein del, men vi klarer det fint :)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...