tirsdag 16. juni 2015

Bryllup

Laurdag 6.juni var eg og mannen i bryllup til den eine fetteren hans. Her kjem eit lite bryllupsbiletedryss frå dagen :)
Brudgommen hadde lånt ein kjempefin Porsche som han skulle køyre bruda i. Det var kun plass til to, så de fire forlovarane og fotografen skulle komme i eigen bil.
Bryllupsfargane var raud og kvit. Dette gjekk igjen i bukett, klær og lokale.

Vi budde hos den eine onkelen - nærmaste nabo til brudgommen sin barndomsheim.
Sjå denne fantastiske utsikta vi hadde frå soveromsvindauget vårt! Det var meldt skikkelig ruskevær på laurdagen, men heldigvis var det opplett og fint - men med masse iskald vind.
Titt-titt! Eg er ferdig pynta og venta på at vi skal køyre. Mannen var saman med brudgommen heile dagen, så eg var saman med onkel og søskenbarn medan vi venta på at kyrkja skulle begynne. Denne nydlege kjolen ser du kanskje betre på sidan til zalando der eg kjøpte den. Den var kjempefin på, men kanskje litt lang. Du kan også sjå den her.
Det var ein nydleg sermoni og begge sa klårt og høgt "ja" på det store spørsmålet. Tårene trilla, og bruda var verdens flottaste! Akkurat som det skal vere! Brudgommen og forlovarar var svært pene i tøyet med kjole og hvitt, hatt og stokk.
Forlovarane hadde grå bukser og raud vest medan brudgommen hadde svarte bukser, kvit vest og kvite hanskar. Forlovarane til bruda hadde lysrosa kjoler på. Fantastisk fine alle saman!
Etter kyrkja var det ein to timers pause før festen skulle starte i det lokale forsamlingshuset. Alle stod ute og tok imot det nygifte paret da de kom susande i den "råkule" (storebror sitt ord) bilen. Skål og gratulerer!

Vel inne venta treretters middag. Sjøkreps til forrett, ytrefilet til hovedrett og limemoussé med rabarbra og sjokolade til dessert. Ein haug med flotte taler også var festen i gong!

Alt var så gjennomført med lokale, musikk, bar, kakebord, tapasnattmatt, gåvebord og dansar - vi storkosa oss heile kvelden med masse kjekke folk! Vi stupte i seng i 3-tida; rundt 4-5 timar etter min vanlege sengetid - så det tok fleire dagar å komme over festen! :)
Kjekkaste forlovaren som ser unormalt ung ut på dette uklare biletet!
Alt i august skal vi i nytt bryllup - heldigvis - bryllup er GØY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...