onsdag 1. juli 2015

Kjærestetur over Vidden

Sauane går og beiter på Ulriken.



Innlegget hadde meir korrekt kunne heite "Aleinetur over Vidden", men det med kjæreste høyres så fint ut ikkje sant? Eg avspaserte i går, og etter at vi hadde levert ungane på barnehage og sfo køyrte eg og mannen til Montana og parkerte bilen der. Mannen har gått Vidden kun ein gong før, og den gongen med ungane. Sjå innlegg frå den turen her.

Alt før vi gjekk var det nettopp dette som var mannen sin draum; å gå Vidden utan ungane, berre aleine utan ansvar for nokon andre. Haha, det er små gleder; men like fult ekte!
Vi valgte å gå ein anna veg opp på Ulriken enn vi bruker. Denne vegen går rett under Ulriksbanen oppover, det betyr at det er ein einaste lang og steinete oppoverbakke! Men sjå den nydlege utsikta som dukka opp etter halv tur! Kablane som strekker seg over biletet er Ulriksbanen. Vi begynte å gå kl.08:45, og eg trur den første bana gjekk kl.9. Faktisk var det litt ekkelt å stå rett under den når den kom "ikkje dett ned akkurat no!"
Vel oppe, etter 1.5 km med oppoverbakke, smakte det godt med kaffe i morgonsola 643 moh. Vi var heilt aleine der oppe, og det var faktisk vindstille. Deilig! Det var knallvær, men som værmeldinga sa vart det meir og meir skyete utover dagen, noko som var heilt fint sidan ein fort blir god og varm!



Etter nokre timar på Vidden pausa vi her med denne utsikta for å spise lunch. Det er stup rett ned ein halv meter unna beina våre, så dette er ikkje ein lunchstad vi hadde valgt om ungane var med!
Vi ville prøve å gå ein anna veg ned igjen. Vanlegvis går eg opp på Rundemanen 568 moh og vidare ned til Fløyen via Brushytten. Da vi gjekk med ungane i fjor gjekk vi ned før oppstiginga til Rundemanen og ned langs det eviglange vatnet Svartediket. Denne gongen gjekk vi opp bakkane til Rundemanen før vi svingte av og gjekk til Blåmannen,554 moh. Dette fjellet er det mange som argumenterer sterkt for at skal vere ein del av de 7 fjell som Bergen liksom er omkrinsa av,  men det er enn så lenge ikkje det. Vi har aldri vore der før, så det var kjekt!
Blåmannen

Vidare herfrå gjekk vi ned til Fjellhytten. Derfrå lot eg mannen lede veg ned ei fjellskrent av ei anna verden - det er eit under at det gjekk bra (nesten), og eg trur det er den klatringa som gjør at eg i dag har gangsperre i begge armane! Vi kom oss i alle fall ned på vegen som fører frå Fløyen og ned til rett ende av Svartediket.
Like ved Haraldsplass, på veg til å hente bilen.
Frå Svartediket kom den asvalterte og kanskje litt kjedelige vegen tilbake til Haukeland der starten av Ulriksbanen er. Derfrå måtte vi gå gjennom skogen og opp eit stykke til Montana der bilen vår stod. I følge Runkeeper gjekk vi over 19 km, nesten 1400 høgdemeter i går. Vi køyrte rett og henta ungane, klokka var 15 da vi var tilbake ved bilen. Det var godt med ein dusj på ettermiddagen kan ein seie :)

Kjempekjekk tur! Lang tur! Flott mann!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...