fredag 3. juli 2015

Badetur

I går var det deilige 30 varmegrader i Bergen! Sjefen sendte alle heim, men eg hadde møter utover dagen og var på jobb i finværet. Plasteret på såret var at vi skulle rett på stranda etter endt arbeidsdag!

Vi hadde sendt meldinger til nokre venner, så vi var fire familier som møttes til middag og bading ved Tennebekk. Ungane hadde snakka om det på barnehagen heile dagen, så da eg kom og henta lillesøster lurte de på om det var noko organisert opplegg - haha - unger altså! Er saman heile dagen, også er det SÅ STAS å sjå kvarandre igjen på ettermiddagen!
Vi hadde med den flotte bøttegrillen vår som no er inni sin tredje sesong! Fungerer som berre det! De tre andre familiane hadde med eingongsgrill, men vi hadde så god varme i grillen vår at alle kunne bruke den. Alle kom frå jobb og på litt forskjellige tidspunkt - ellers hadde det nok ikkje gått å dele grill - den er jo ikkje så stor!
7 voksne og 9 barn; heilt herleg! Alle ungane bada - og eg og mannen :) Det var friskt og godt i vatnet; herleg med årets første sommarbad! Eg og mannen bada i fjorden da vi var på hotellhelg i april; dette var noko litt anna :)

I dag har eg siste dag på jobb før sommarferien! Lillesøster ville ha fri i dag, så ho hadde siste dag i barnehagen i går. Mann og barn henter kjøkkenskapene våre i dag - eg gler meg til eg kan vise korleis kjøkkenet er er blitt no som vi har pussa opp. Vi er ikkje heilt ferdige enda, og blir nok ikkje ferdige før vi reiser. Men det står seg :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...