søndag 12. juli 2015

Ulv

Denne boka "Ulv" av Stein Erik Lunde var ein av de to bøkene vi lånte på den geniale bokkarusellen på Gol Stasjon da vi reiste heim til Bergen i påska. Denne var det storebror som ville låne. Medan vi las den slo det oss fleire gonger at dette kanskje er ei ungdomsbok. Den har referanser som storebror ikkje kjenner, utan at det gjorde noko!
Boka var i alle fall kjempemorsom! Vi lo så vi grein fleire gonger, både vi og 7-åringen! Når ulven kjem seg inn til menneskene, og de ikkje skjønnar at han er der - det er fantastisk god skrive! Menneska kjem ikkje godt utav det!
YOGI TEA-visdom som passar til boka :)
Knallbok - les den også om du ikkje er barn eller ungdom! Rett og slett god underholdning og eit veldig godt språk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...