mandag 10. august 2015

Årets ripshausting

Dette er 6.sesongen vi haustar ripsbær frå hagen. Etter at vi kjøpte huset vinteren 2009/2010 har vi tynna ut av de 10-12 ripsbuskene som var der; så det har vore ønskeleg å ha litt mindre rips å plukke. Men i år vart det litt for lite!

Det har nok samanheng med kaldt vær, og lite sol som gjør at ripsen har modnast på ulike tider. Det er masse fuglar som setter seg inni buskene og spise - noko vi synas er ok sidan vi tidlegare har hatt problemer med å bruke opp alt. Men no har de spist det som har vore modent jamnt over sidan juni, og da er det ikkje mykje igjen. Først på fredag sist veke synas vi det var så pass mykje ok raudt på buskene at vi ville plukke. Vanlegvis plukker vi 10 liter på ein liten halvtime. No stod vi ute alle fire og plukka i 45 minutter, og vi fikk knapt 10 liter tilsaman! Og da var det meste tatt!
Vi kokte ei koke med saft - og thats it! Ingen ripsgele! 4 flakser med dyrbar saft som vi rett og slett må spare godt på og drikke kun når det er høgtider! Vi som vanlegvis er så bortskjemde med saft og gele at vi har delt ut i aust og vest! No har vi ikkje råd til å dele ut til nokon!
Frå godhaustinga 2014

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...