tirsdag 11. august 2015

Blåbærtur

I går var det varmt og fint vær, og på veg heim frå jobb tenkte eg at eg ville bytte ut den planlagde joggeturen med tur på fjellet med mann og barn. Storebror hadde knapt satt seg i bilen da eg henta han på sfo da han spurte om vi kunne ta oss ein sykkeltur på ettermiddagen. Vi vart enige om å spørre mannen og lillesøster - og da kom mannen opp med forslag nummer tre som alle var med på: Blåbærtur!
Utsikt mot Lyderhorn
Storebror sykla, lillesøster sparka på sparkesykkelen sin, eg jogga og mannen bar alt som vi skulle plukke i; og vi kom oss til skogs!
Ingen hjultransport på skogsvegar
Det var kjempemasse blåbær! Storebror plukka mest i munnen, men vi andre plukka i boksar. Vi fikk nesten tre liter med oss heim! Vel tilbake etter endt tur rensa mannen bæra medan eg tok meg ein halvtime yoga med fokus på bein og bak = støl i dag. Tungt og herleg! Å springe etter storebror på sykkel fikk i alle fall opp pulsen min ganske så bra i går, så eg er happy med både treningsutbyttet, bærutbyttet og val av ettermiddagsaktivitet!
I dag har vi med oss venner heim frå både barnehage og sfo - det er alltd kjekt med masse ungar rundt bordet!
Blåbærhender!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...