onsdag 12. august 2015

Boksommaren 2015

I sommar har eg lest tre tjukke og veldig forskjellige bøker! Eg starta med Elena Ferrante sin "Mi briljante venninne" som eg fikk til bursdagen min av - ja - ei briljant venninne. De første 100 sidene likte eg veldig godt, så vart eg litt lei av livet som vart skildra - som berre gjekk i det samme i fleire hundre sider. No trur eg at det er eit litterært grep; og eit som fungerer, men eg berre - not for me.
Tom Egeland har eg ikkje lest før, men gleda meg veldig til å lese "Paktens voktere". Egeland er samalikna med Dan Brown som på sitt beste er genial i spelet med lesaren. Eg synas ikkje Egeland rakk heilt opp, ein del av språket hans - og måten han prøver å få inn det objektive blikket på - vart litt klønete. Men historia er fantastisk spanande; og satte i gang mange tankar! Slik sett likna den litt på Brown sin "Inferno" som også sparka i gong nye refleksjonar.
Eg avslutta det heile med ekte kinesisk tragedie. Torbjørn Færøvik har skrevet eit mesterverk av ei skildring av "Maos rike. En lidelsehistorie" - rystande og tankevekkande! Denne må ein ha overskot til å lese. Ikkje fordi den var tung i språket, men fordi innholdet er så tøft at ein må vere på "oppsida" for å klare å komme seg igjennom det.
For rundt ti år sidan las eg Jung Chand si "Mao. Den ukjente historien" som tar for seg heile Mao sitt liv, inkludert den store marsjen. Færøyvik si bok omhandlar det som skjedde frå Mao tok over makta i 1949. Eg er litt meir enn gjennomsnittleg interessert i Kina og leser masse som er skrive av kinesiske forfattarar. Mao er enormt interessant, og den einste personen eg har lest to biografiar om. Verdt å lese! Naudsynt å lese!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...