lørdag 15. august 2015

Legoland

Åh, kor vi hadde gleda oss til å besøke Legoland! Dette er ein park som eg alltid har høyrt om, men som eg aldri har vore i - så det var minst like stort for meg å komme dit som for ungane! Vi budde like ved, så vi spaserte bort saman med haugevis med andre - ei god stund før parken opna.
Det var iskald kuling, men det var glimt av sol som varma - perfekt parkvær! Vel inne tok vi først eit tog slik vi hadde blitt anbefalt. Slik skulle vi får oversikt over parken. Men det slo oss at den var så liten - her kunne det nesten bli eit problem å fylle to dagar!
Denne altså! 
Vi gjekk rett i køa på Spøkelseshuset som var nyhet i fjor. Her stod vi i kø i 20 minutter - og det var det lengste vi stod i kø begge dagane; så vi var kjempeheldige! Vi var der kanskje litt tidleg, og etterkvart som dagen gjekk vart været verre og verre - og parken tommare og tommare. Vi holdt sjølvsagt ut, high på karusellar og berg-og-dalbaner som vi var!
Iskalde som vi var blitt etter lunch (vi hadde ikkje pakka med oss varme klær) gjekk vi inn i Atlantis; her er det eit fint akvarium som hadde både tak og varme. Oh glede! Vi gjekk seint her inne for å få i oss varmen! De hadde ein veldig kul haitunell med nokre enorme haiar - eg kunne ha stått der kjempelenge om ikkje enkelte vart litt utolmodige etter å komme seg vidare :)
Men så plutseleg fikk vi tak i eit godt kart over parken, og da opna det seg ein heilt ny verden! Det vi hadde sett med toget var berre ein liten del! Vidare hadde de Piratland, Polarland, Knights Kingdom og Adventureland! Hjelpes! Folk gjekk heim, vi susa rundt på nesten alt som var av turar igjen og igjen heilt til parken stengte kl.20!
Dagen etterpå var det regn saman med den kalde vinden, og vi måtte faktisk jobbe for å få med oss legofrelste storebror; han hadde ikkje lyst å fryse ein dag til! Heldigvis vart det litt betre utover dagen, men det var tydleg at det ikkje var heilt toppdag sidan parken hadde stengt fleire av serveringsstadene sine, og badelandet! Storebror tok den berømte køyreskulen på dag to, og vi fikk sjå forestillinga i Knights Kingdom - som fikk oss til å brøle av latter fleire gongar! Fantastisk!
Prins og prinsesse! Ein kan ikkje treffe betre!
Det var nokre ting lillesøster var for lav til å ta. Ho er 120, medan storebror er 130 - så han fikk ta alt! På dag to delte vi oss ein del slik at han fikk ta den han ville, og ho fikk velge turar som ho ville ta igjen. Eg og ho tok Temple Games sikkert 10 gongar, det samme med Dragen og Canoe! Vi stod i kø mellom 1 og 5 minutter, så vi rakk å gjøre masse så mange gonger vi ville! Den absolutt kulaste berg og dalbana er Polar X-plorer! Eg tok den ein gong med storebror, og den var kanonbra! Vi er generelt glade i slike turar alle saman; så de må tru vi hadde det som plommen i egget!
De siste timane på dag to vart været litt betre. Vi gjekk tilbake til den "gamle" delen av Legoland. Ungane tok nokre av de rolegare turane aleine. Båttur og biltur. De prøvde også alle tingene i Duploland. Her var storebror nummeret frå å vere for stor, men det gjekk fint :) På dette tidspunktet var det nesten ingen igjen, i alle fall ikkje i denne delen av parken!
Vi hadde to flotte dagar i Legoland, og er så imponerte over alt de har bygd i lego! Samtidig trur eg at dette var fint, og at vi ikkje trenger å reise tilbake hit i den nærmaste framtid. Det er i alle fall lurt å vente til ungane er over 120; da kan ein vere med på det meste. To dager er fint, og nok. Vi var heldige med små køer; eg har sett venner på facebook som stod i kø i 45 minutter på enkelte ting. Det er det ingenting som er verdt spør du meg! :) Storebror var trist heile vegen tilbake til campingen etter dag to, for no skulle han aldri meir vere i Legoland. Puff så var været gløymt, og vi hugser berre kor gøy vi hadde det - og kor mykje vi lo!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...