søndag 16. august 2015

Sommerhusliv

Etter dagar ved Legoland camping der vi delte toalett med haugevis med andre var det GODT å komme fram til Flovt der vi skulle ha ei heil veke i sommarhus!
Det er jo så flatt! Vestlending som eg er kan eg jo ikkje anna enn å bli imponert og fasinert over kor flatt landskapet kan vere! Berre det å ha flat hage er veldig eksotisk og annleis!
Sommarhuset var perfekt! Eg ser at eg ikkje har så mange interessante bileter frå inni huset, men det var nesten 100 m2, hadde tre soverom, to bad og badestue, samt kjøkken og stue. Platning og stor hage med litt leikeplass. Ekte, mjuk strandsand i sandkassa er herleg! I uteboda var det masse hageleikar som vi benytta oss av. Særleg flaug vi drage masse!
Sommarhuset låg i enden av eit stort hyttefelt med folk i alle hyttene. Lillesøster vart fot venn med jenta i nabohuset som var frå Oslo.
Det var også foosball-bord - eit skikkelig stort eitt - i hytta. Vi var stort sett ute, men rakk nokre kampar på denne. På det eine badet var det dobbeltboblebad - det var fantastisk! Ungane bada der fleire kvelder, og eg hadde meg nokre kveldsbad der eg også; med vin og bok! Mmmm - ferie!
Kvar kveld fikk vi flott solnedgang bak denne ruskehekken som på dagen fungerte som vindfangar (heilt til vinden snudde).
Krokket er gøy, og sidan vi bur i ein bakke, er det noko vi aldri får spele. Heldigvis var dette noko som var i boda; så vi hadde fleire runder med det. Lillesøster er kjempeflink!
Dagane gjekk med til leiking, aleine, saman, med eller utan voksne. Eg og mannen las masse. Vi gjekk på stranda og bada litt, samla stein, spaserte rundt. Vi lagde oss god mat kvar dag; de hadde gode grillar der, så to gongar grilla vi middag. Det er så fint å ha eige kjøkken; da kan vi lage mat vi likar! Vi åt fisk fire av sju dagar; og det trur eg ikkje hadde vore tilfellet om vi hadde spist på resturant heile veka.
Også er det så kjekt med litt anna mat! Som desse lubne sukkerertene, som kanskje ikkje var sukkererter, men det var i alle fall det vi kalla de.
Å fly med drage er knallgøy, og ekstra kjekt når ein klarer å få den høgt, høgt opp!
Utvalget på grillmat var så annleis enn her i Noreg, og så mykje godt! Berre det å drikke noko frå kvar vår boks er jo stas! Alt er stas på ferie - haha! :)
Vi hadde med telt til ungane, som de leika med nokre dagar. "Aahhh, dette er ferielivet!" sa storebror!
Siste dagen i huset feira lillesøster 5 år! Vi markerte det med skattejakt, gåver, kjøpekake med flagg og lys, og middag etter bursdagsbarnet sitt ønske: grilla pølser og mais.
I Tyskland kjøpte vi champis; dvs Hello Kitty-saft på fin flaske. Betre bursdagsmiddag finnas ikkje!
Vi var like ved Flovt strand. Det var litt kaldt i vatnet, eg bada kun ein gong; men lillesøster er litt tøffare og bada to dagar. Her er dagen før vi reiste nordover. Det var litt kjølig, og masse bølger; så vi holdt oss i vannskorpa. Ikkje det at det er kjedelig! Vi digger å bli erta av bølgene, og erte tilbake :)
I alt var det ei roleg og nydleg veke! Masse søvn, god mat, trening, tid med familien og lange samtaler. Ingenting stort og fancy - berre heilt perfekt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...