fredag 11. september 2015

Kulturdag!

I dag er eg vekke frå hus og heim heile dagen - og det er ikkje ofte! For ein gong skuld kan eg vere med på lønningspils med jobben fordi eg halvanna time seinare skal representere kontoret på eit valgarrangement i sentrum.
Det er framleis stas å få spesielt invitasjon til store arrangement! Og det er aldri feil å spise og drikke, høyre på kulturdiskusjon - og SAMTIDIG få betalt! Fy fabian kor heldig eg er!
Det er Kulturnatt i Bergen, men enkelte kjem nok til å satse på ein tidleg buss heim etter ei lang veke og ein lang dag. Fredagskveldar er faktisk best i sofaen :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...