tirsdag 8. september 2015

Merkedag!

Denne dagen har eg gleda meg til i mange år! Ikkje aktivt, men den representerer noko eg i fleire år har venta på å sjå meir av. Nemleg sjølvstendige unger. No er de framleis små på mange måtar, men også store og sjølvstendige - begge to! Og sjølvstendigheten kom så snikande på at eg ikkje har klart å stille inn kvardagen min på den; eg kjedar meg ganske masse faktisk - de trenger meg ikkje så masse som før. Kva gjør ein eigentlig med all den fritida?

Dagen i dag vart bestemt med dato sist veke, og i helga tenkte eg masse på det, angra litt og måtte ha meir enn eit par samtalar med mannen på om dette var ok. Var vi komt dit alt no?!
I dag skal storebror gå heim frå sfo heilt aleine. 1 km, tre vegkryssingar - to utan forgjengarovergong. Han kjem heim etter at mannen og lillesøster har komt, så i dag skal de følgje godt med og sjå at han gjør det vi veit han kan - passe på og vere trygg i trafikken! Eg skal køyre rett heim etter jobb, ikkje innom sfo der eg venter på at han skal bli ferdig å leike/rydde opp/snakke med kamerater før vi skal pakke sakene/finne jakka/snakke med de andre foreldra som hentar og finne ein sfo-ansatt for å seie at no går vi heim. Når familien samtidig gjør tre ting, lage middag, gå heim frå sfo og køyrer heim frå jobb, sparer vi sikkert 15 minutter. Det er ikkje masse, men vi kjem til å merke det - det er eg heilt sikker på.

Eg håper berre han passer seg skikkelig når han skal krysse vegen!!!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...