onsdag 9. september 2015

Spontanbarnefri

Innimellom er eg spontan. Mannen meiner eg er det ofte, men det er fordi han ikkje veit at eg har tenkt på det før eg seier det :) I går ettermiddag var mannen og storebror (som forøvrig kom seg bra heim aleine, og sa det var "veldig fint") vekke, og eg hadde tenkt at eg og lillesøster skulle spasere ein tur i parken. Men så var kaffien i solveggen så deilig at eg bestemte at vi heller berre skulle vere heime og slappe av.

Pling i telefonen frå naboen - kan lillesøster komme ned? Ja, sjølvsagt ville ho det - og da betydde det halvanna time plutselig barnfri! Eg fikk pressa inn masse! Først ein god joggetur i haustsola, så ein lang strekkepause på baksida av huset saman med Puste, ein god dusj og høve til å kle på meg aleine - og det heile toppa seg med 10 minutter Sex og singelliv på TV. Er du mogleg å bli heldigare? Eg er framleis avslappa og happy! Namaste!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...