tirsdag 6. oktober 2015

Søndagstur på tre fjell

Sist veke såg vi på langtidsvarslinga at det skulle vere sol på søndag, og det betyr ofte søndagstur på oss! For to år sidan gjekk vi trefjellstur, og det har vi snakka om at vi ville gjøre igjen.
Frå Sangvikspilen mot sentrum


Søndagen starta ganske dårleg (eller eigentlig bra alt etter som korleis ein ser det), og vi "forsov" oss heilt til klokka 9:30! Da vart det litt kaos og trøtte kommentarar før vi kom oss ut dørene godt over ein time seinare enn det vi brukar!
Turen opp Stoltzekleiven gjekk fint for tre av fire; sjølv kjente eg at kroppen framleis trudde det var sovetid. Heldigvis går det i luntetempo med ungane, og etter litt mat på toppen ved Sandvikspilen (417 moh) vokna også beina mine. No gjekk vi innover mot Storevatnet også oppover mot fjell nummer to; Rundemanen (568 moh). Denne vegen er heilt fantastisk flott! Variert terreng, nokon bratte partier med puls, nokon flatare partier med fin vegetasjon.
Vi gjekk forbi fleire små fjellvatn på veg oppover; eg gjer meg heilt over! Haustfargane var osgå på plass i alt av raudt, gult og orange! Eg gjekk med Bergans-sekken min som romma alt vi trengte av mat og utstyr for turen. Den er i spesial kvinneutgåve; så den sitter veldig bra og lett sjølv om den rommar heile 60 liter. Storebror har også valgt å gå med sin Bergans-sekk de siste turane vi har hatt. Her har han sin mat og drikke, samt litt snacks og bamsen sin Teddy. Lillesøster går utan sekk, og på søndag gjekk mannen med ein eigen liten sekk der han hadde vatn lett tilgjengelig for alle drikkepausene vi hadde.

Dette er ein lang tur, og vi hadde pakka med oss masse snacks! Vi var på toppen av Stoltzen kl.12, og var ikkje oppe på Rundemanen der vi skulle spise lunch før klokka nærma seg 13:30. Lett påfyll undervegs må til for at ungane (og innimellom vi) skal holde humøret oppe. Det var nok maten som gjorde at det ikkje var eit einaste sutrete ord på heile vegen mellom start ved bilen i Sandviken og toppen av Rundemanen!
På Rundemanen var det vindstille og så flott å settje seg ned for å spise ein sein lunch! Med oss hadde vi tomatsuppe, kakao, kaffe, juice, brødskiver, eple og enda meir snacks - rosiner, cheerios, KvikkLunch etc. Men midt i måltidet var det nok for den lille, store femåringen vår. Ho hadde gått som ein helt heile vegen opp, med de skoa som ho eigentlig har vokst ut av. Ho og vi ville at ho skulle bruke de gamle slik at ikkje de nye vart så skitne på turen.
De gamla var nok litt trange, noko ho merka godt da vi skulle begynne å gå ned igjen. Men heldigvis hadde vi ekstra tørre og varme klær med oss, så vi fikk skifta av ho det som var blitt vått på turen opp - og no kaldt - fikk opna ein melkerull og kosesmoseoverdose i armane på pappaen; så steig humøret litt.
Lunchutsikt frå Rundemanen
Trange sko og litt pausekald unge er ikkje så fint. Men det er slik på slutten av tursesongen; vi kjøper ikkje nye fjellsko som ho har vokst utav til våren igjen. Men i etterpåklokskapens navn burde vi ta slike lange turar tidlegare i sesongen; medan utstyret framleis er i orden.
Glimt av blå himmel over Askøy.
Sidan lunchen fikk ein brå og trist slutt pakka vi fort saman og begynte nedstiginga mot fjell nummer tre; Fløyen. Lillesøster var sliten og trist og sa fleire gongar at "NO VIL JEG IKKE GÅ LENGER!" - men det valget har ein jo ikkje midt oppå fjellet. Etterkvart som varmen kom tilbake i kroppen steig humøret; og ho endte opp med å synge og tralle medan ho sa "jeg gir meg aldri!"

I følge ut.no er denne rundturen gradert som "middels" vanskelig; på linje med Galdhøpiggen og Preikestolen. Det er ein lang tur på rundt 8 km, og med veldig mange høgdemeter! Vi er kjempeimponerte over ungane våre som gjekk denne turen på søndag! Storebror klagde ikkje ein gong, så skoa hans var nok betre - i tillegg til at det hjelper å vere litt lengre i beina. Lillesøster fikk sitte på ryggen til mannen mot slutten av turen, og da vi kom til Fløyen(399 moh) var det springing og hopping i Trollskogen og på leikeplassen - unger er fine slik :) Da vi sa at vi måtte begynne å bevege oss ned mot byn satte de seg på bakbeina begge to, så da tok vi heller Fløybanen ned igjen.
                      

Vel nede i byn, fem timar etter at turen starta, gjekk vi på Zupperia og åt middag. Vi var heime etter ein lang og fin haustdag på fjellet kl.17:30 - og der var jo søndagen gått! No er det meldt fint vær søndag denne veka også, men da trur eg vi tar kun eit fjell :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...