onsdag 7. oktober 2015

Sykkelliv!

Sidan vi no har to unger som kan sykle - tok vi oss ein liten sykkeltur etter middag midt i veka! Vi må utnytte kvar ein dag med opplett og dagslys!


Storebror sykler ein del raskare enn lillesøster - sjølvsagt - han har større sykkel og meir erfaring. Uansett er det toppers med eigne sykkel - og turvegar der vi slepper å vere redd for trafikken! Her er ein ny tursti som er laga ved Liavannet. Her var den nesten ikkje folk heller!


Vi har plass til to sykler i bilen, så eg og mannen gjekk. Fint det også - og høve til å prate nokon lunde uforstyrra! Lillesøster er ein racer på sykkel altså! Og storebror susar avgårde og er så stor og sjølvstendig at det er ei sann glede!

                                              
Ein rask vasserunde høyrer også heime når sjansen byr seg!

Desse bileta er frå sist veke. I går henta mannen ein ny sykkel til lillesøster - ein større sykkel enn den ho no har. Ho går frå 12' til 16'. 16' er for barn mellom 4 og 6 år, så det er kanskje på høg tid? Den ho bruker no hadde fastmonterte støttehjul som ikkje var like solide som resten av sykkelen, og de knakk av tidlegare i sommar. I dag er den altså historie, og eg gler meg til ho får sjå at ho har fått ny (brukt) sykkel! Storebror fikk 20' for halvanna år sidan; den var litt stor da, men er heilt passe no. Han hoppa over mellomstørrelsen som vi no har skaffa til lillesøster. Hurra for finn.no altså! Når vi kjøper brukt er det "enklare" å kjøpe utstyr som kun skal vare ein kort periode. Eg tenkjer det blir sykkeltur i dag!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...