tirsdag 1. mars 2016

21/12

Denne boka virka som om den skulle inneholde mykje av ting eg digger: dommedag, gamle dokumenter og mayafolk. Ok, eg digger ikkje dommedag, men eg digger dommedagsfilmer og innimellom ei god dommedagsbok - noko eg trudde dette var.
Dessverre vart den litt for DNA-teknisk til at eg klarte å holde interessen. Innimellom tok den seg opp, men sidan den var så nøye og sikkert fagleg velforankra, gjekk det ut over tempoet som eg hadde håpt var ein del raskare. Den hadde gode deler innimellom alle faglege diskusjoner, men hadde ein del å gå på når det gjelder oppbygging; alt var liksom i samme røre - slik at viktige og avgjørande poeng drukner i alt som ikkje er fult så viktig.

Ideen er god, utfallet er veldig interessant og ja - la oss håpe at om ein slik epidemi kjem så slepp vi unna. I alle fall meg. Eg er for glad i å sove. Ei litt søvndryssande bok faktisk, hmmm, paradoksalt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...