onsdag 2. mars 2016

Barnehage - skule - jobb

Søndagsutsikt frå Fløyen

Det er mars og vi er inni nokon av de siste månadane med tre stopp om morgonen. Dette er også kronargumentet mitt når eg diskuterar kollektivtransport. Tre stopp! Nok sagt.

Stopp ein er barnehagen. Det er stas for storebror å framleis kunne gå inn de dørene. Her er han HELT, både voksne og barn blir glade når de ser han! Her er han stor! Innimellom, som i dag, blir han ikkje med inn, men henger heller i akebakken medan eg leverer lillesøster. Tenk det da - fem minutter aleine i akebakken i barnehagen - det er ein fin start på onsdagen!

"Neste stopp: skulen" Her er det heldigvis berre å svinge rundt i rundkøyringa for så å sleppe han av. Han skal berre snakke ferdig først. Dette minuttet mellom stopp ein og stopp to blir ofte brukt til skikkelige samtaler. Her er det berre oss to. Det er ei fin stund som eg kjem til å sakne når eg i haust skal levere to barn på nokon lunde samme stad.

Siste stopp er jobb. Når storebror har gått ut slår eg på radio. Tru det eller ei - ofte føler eg at dagens mest slitsomme jobb alt er gjort. Ungane er på plass. Resten er plankekøyring og voksne mennesker. Arbeidsdagen kan starte. Frukost og kaffi. Og i dag? To og ei halv veke til påskeferie!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...