torsdag 3. mars 2016

Tine NÅ middagsbase

Innimellom er eg så heldig at eg får vere med i buzzadorkampanjer! Denne gongen fikk eg lov å prøve ut Tine NÅ sin nyhet, Middagsbase. Desse er i tre ulike variantar, eg fikk tilsendt Thai Red Curry.
Dette er kjempeenkel kvardagsmiddagshjelp! Steik kylling i biter, bland så i middagsbasen, la det putre nokre minutter også er maten klar. Det er nesten så det tar meir tid å lage ris. Den må i alle fall på kok først. Vi lagde dette på søndag etter å ha komt heim frå skitur - og det tok meg 20 minutter! Middagen er klar!
Smaken er god. Mild og fin. Det er bitar av grønsaker - også vannkastanje som vi ELSKER! Eigentlig synas vi det var litt for lite av den, men det kan vere at det heng saman med at vi er langt over gjennomsnittleg glad i det. Ungane åt, men ikkje så masse som vi skulle tru. De sa ikkje at det var sterkt, men kunne tydleg begrense begeistringa si. Eg og mannen synas det smakte ok godt. Midt på treet. Det smakte ikkje for salt, noko det ofte gjør når det er halv (eller nesten heil) fabrikata.

Ein bonus er boksen middagsbasen kjem i. Den var solid og med godt lokk, så den har vi tatt vare på :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...