lørdag 5. mars 2016

Paprikadyrking


Paprikadyrking altså! Ikkje noko for utolmodige sjeler! I fjor vår planta storebror paprika- og sukkerertfrø på skulen. Sukkerertene blomstra ganske fort, og vart spist innanfor ein to månadars tid. Nå skuleferien nærma seg kom han heim med paprikaplanten. Den hadde vore veldig treig i starten, men no var det unektleg grønne spirer der! I slutten av august var den komt så langt som biletet øverst. Grøn og fin! Sidan den var så flott hadde vi levert den på sommarferie saman med Puste der den fikk god stell, og til og med gjødsel!

Paprika har fine, kvite blomar. Desse detter av, og da er det sjølve basen av blomen som blir til paprika.
Her ser vi både blome og paprika. De er knøttsmå! Frøene var det læraren til storebror som hadde med, og det var faktisk vanlege frø frå ein butikkjøpt paprika!
Den første paprikaen vart stor! Planten var tørst og eg og mannen vatna den nesten kvar dag! Den stod i kjøkkenvindauget vårt og trivast godt. Vi kalla den det tredje barnet vårt i haust, for den krevde stell og eit vokent blikk.
Her er den første fine paprikaen! Dette er 7-8 mnd ETTER at frøene vart sådd. Som sagt - ikkje noko for utolmodige (eller sultne) mennesker!
Denne tok storebror med seg på skulen, no nesten halvvegs i 2.klasse. Der stod han foran resten av klassen og viste fram paprikaen han hadde fått dyrka fram. Takket vere mor og far, men samma det :)
Paprikaene som kom etter prakteksemplaret vart meir og meir rare. Den gule til venstre var nummer to, og den raude til høgre nummer fire. De vart også tynnare i kjøttet. Eg fikk smake litt av den eine, de var ikkje så veldig gode heller. Litt beiske på smak. Men heimelaga er kult! Samtidig skal eg innrømme at det var ei sann glede å kaste planten i bosset når det ikkje var fleire paprikaer igjen. Det gjorde vi i desember - det betyr at vi hadde over eit halvt år med vatning og fokus på plante. Hmm. Eg trur eg foretrekker ting som vokser og modnast litt fortare!

Når det er sagt - veldig kjekt å ha prøvd det sjølv - og fått det til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...