søndag 6. mars 2016

Søndagstur på Fløyen

For ei veke sidan pakka vi skiene inn i bilen og køyrte 15 minutter til foten av Fløyen der vi tok Fløybanen opp. Det var tett tåke overalt, men da vi kom opp - AHHH! Elsker slik morgontåke altså! Særleg (eller eigentleg utelukkande) når eg er over den.
Det var berre å spenne på seg skiene og ta fatt på turen mot Brushytten. De har open hytte på søndagar og sel mellom anna vafler som vi hadde reklamert med heime før vi drog.
Lillesøster stod på med stor positivitet og pågangsmot. I alle fall ei lita stund. Etter i overkant av 1 km fikk ho veldig nok. Dette var midt i ein lang bakke, og heldigvis! Akkurat der er det satt opp eit enkelt bygg. Vi har gått forbi der tidlegare og lurt på kva som var der, men berre gått vidare. No bestemte vi raskt at her skulle vi spise lunch!
Det tar ein del tid å gå ein kilometer i oppoverbakke, så det var absolutt på tida å få oss litt mat. Tomatsuppe, kakao, juice og kjeks. Lillesøster vart veldig fort kald, og enda fortare sutrete. Det gjekk ikkje over, uansett kor mykje mat ho fikk i seg. Ikkje skulle ho bevege seg, ikkje skulle vi snakke til ho, ikkje skulle ho få i seg meir varm mat - ho ville INGENTING!
Omsider - litt kakao!
Vi avslutta ganske raskt og bestemte at vi skulle gå tilbake. Vi var ikkje langt unna Brushytten, og storebror ville gå dit og kjøpe vaffel som han hadde blitt lova. Det er sal av ymse på Fløyen også, så da vart det heldigvis ok at han snudde han også. Lillesøster aka heile vegen ned igjen, og eg festa skiene hennes til sekken min.
Storebror derimot! Vi kallar han Northug. Han susa avgårde på ski! Oppover og nedover! "LØØØYYYPEEEEE" brølar han og hiver seg utfor! Turistane applauderar og smilar - her har vi ein ekte nordmann som tilsynelatande er født med ski på beina! Tidlegare har vi opplevd at lillesøster har hatt samme rare talent, men i år har ho dårleg og for smått utstyr, så vi håpar det var grunnen til at ho ikkje var så lett å ha med seg denne gongen.
Det er alltid gøy å komme tilbake til Fløyen og den flotte leikeplassen de har her! Når vi kjem hit er ingen slitne lenger! Lillesøster i raudt - høgt over bakken!

Vi tok bana ned igjen og kjøpte boller som ungane åt medan vi satt på Fisketorget. Også her vart lillesøster fort kald, så da storebror hadde spist sin bolle bestemte vi at vi skulle gå til bilen. Etter to steg låg heile muffinsen hennes skvisa på bakken - så det var det gode humøret. Hyl og skrik og hjelpes oss! Det var berre å komme seg heim.

Fin tur - bevares - men når ein av ungane absolutt ikkje har dagen er det litt utfordrande for alle de andre å holde humøret oppe! I dag er vi også på fjellet for å nyte snø og sol. Vi lærer aldri :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...