tirsdag 3. mai 2016

Entusiasme og raseri

Lenge har eg hatt lydbokpause. Det tar vanlegvis 10-12 minutter å komme seg heim, og det er ikkje så mykje eg rekkjer å komme inn i på den tida. Men eg har hatt liggande ei lydbok i godt og vel eit år. Innimellom har eg høyrt litt, og lange periodar har eg latt den ligge. Det er Ari Behn sin bok "Entusiasme og raseri". Den er ikkje så sjarmerande, ikkje trur eg den skal vere det heller, men eg opplever boka som vulgær, skitten og lett kvalmeframkallande. Og det er liksom ikkje det eg gidder å forholde meg til etter endt arbeidsdag. Eg oppdaga også ein gong i vinter at eg hadde hatt spelaren på "random", noko som sikkert forklarer kvifor eg sakna ei logisk historie på CD 3. Nu vell....
Når vegen heim ser slik ut er det berre å dra fram lydbok
Sidan den no låg der i bilen har eg høyrt den ferdig. Ikkje har liv blitt kasta vekk med denne på øyret, det er likevel tid i bil og tid eg ellers ville ha høyrt på musikk, men altså - eg kan tenkje meg betre ting å høyre på, lese og bruke tid på.
Ari Behn i bilen
Takk for besøket, vennlegst forlat bilen min.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...