onsdag 4. mai 2016

Ubrukt joggedag

I heile vinter og vår har eg valgt vekk vaffelspising og slavring med andre mammaer til fordel for jogging medan lillesøster er på dansetrening. I går var det perfekt joggevær; rundt 10 grader og ikkje så altfor mykje vind. Men eg måtte velge å prioritere. Det er ikkje alltid at full dag på jobb fungerer med full fritid. Av og til må nokon elementer vekk, og sidan jobben kjem med tidspress blir det, vart det i alle fall i denne omgang, fritida som må forandrast litt på.

Det er knalltøft for meg å ikkje gjennomføre planlagt trening. Men eg kjenner i dag at kroppen min vart glad for at eg heller satt og prata framfor å køyre bakkeintervaller i går. Det var nok heilt rett å ikkje trene. Heldigvis vart arbeidsdagen i dag brukt til å avslutte deler av prosjekter eg jobber med, så da er vi eit steg nærmare mål og eit steg nærmare vakum som eg veit kjem etter slike intensive arbeidsperioder. I det vakumet er det tid og energi til å trene.
Utsikt mot Ulriken frå balkongen på Den Nasjonale Scene
Men det er så fint vær i dag også, så eg har så veldig lyst på ein roleg joggetur! Eg får sjå kva det blir til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...