onsdag 17. august 2016

Ein perfekt tysdag!

Gårsdagen altså! Snakk om å leggje mange flotte augeblikk i ein einaste dag!
Eg skulle på workshop med jobben, og sidan det starta kl.9 kunne vi sove lenger - det var herleg! På Solheimslien der vi hadde workshop er det nydleg utsikt mot Fløyen og Ulriken og sidan det var så deilig vær satt vi ute på verandaen nesten heile dagen! Det er luksus det! Vi fikk Thai-tapas til lunch, og det var langt betre enn knekkisen eg vanlegvis spiser! Nammis!
Vel heime hadde mann og barn alt spist middag (begynner vi seint slutter vi ofte seint), så da var det berre å hive i seg restar og skifte klær - no skulle det malast! Det er fint vær denne veka, og vi har hatt noko småplukk som har venta rundt huset. Mellom anna leveggen som vart bygd i fjor og malt eit strøk på i vår. No kom endeleg strøk to! Lillesøster hjelper til! Mannen malte også gjerdet som er mellom oss og naboen. Mest fordi de har malt sin del, og da vart det best om vi også malte vår side. Da har vi kvitt gjerde i hagen, koselig!
Eg malte ei list som vart skifta ut etter at vi malte heile huset for to-tre år sidan. I tillegg har eg flikka på murmalingen som flassar av på nokon stader. No er huset heilt topp igjen!
Bileta er frå strøk ein på måndag. Strøk to var i går! Ein rask tur i dusjen akkurat i tide før barnevakten kom - eg og mannen skulle på date!
Mellom henting av billetter og forestillingsstart hadde vi god tid til å sitte i teaterparken og nyte utsikta, alle de nye studentane som tar over byen i Fadderuken og litt mat. Dette var nesten favoritten min av alt eg gjorde i går! Sommar og kjærleik! :) Forestillinga var morsom og gøy - no må vi sjå filmen i helga!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...