torsdag 18. august 2016

Skulestartmeny!

I dag er alle tilbake på skulen i Bergen og vi har førsteklassing i år! DET er stas!! Eg og mannen har fri heile dagen for å kunne vere med på den store dagen! Da storebror begynte for to år sidan var lillesøster med på dagen, men i år kan ikkje storebror vere med på hennes dag - han har jo sin eigen første skuledag! Det er han litt trist for, men han får vere med på resten av dagen!

Ho har fått ønske seg middag - og det blir pølsegrateng og rosenkål. Til dessert vil ho ha is, så da tenkjer eg at vi går på ein frozen yoghurt-sjappe og handler det med masse god topping - mmmm!
Det er så stas å ha førsteklassing i år igjen! Det er ein stor dag og du må tru ho har gleda seg lenge! Vi er klare for eit langt og godt skuleliv!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...