tirsdag 9. august 2016

Hovenäset

Etter ei overnatting hos gode venner på Flisa i Hedemark tok vi turen over grensa til Sverige. Vi har GPS i den nye bilen, og for å gjøre ei lang og litt hissig historie kort, det tar ein heil del meir timar mellom Flisa og Hovenäset enn det ein ved første søk på Google Maps trur.
Seriøst?
GPS'en i bilen lo godt og tok oss med på denne flotte vegen nedover Sverige. Kvifor veit vi ikkje, men skitne vart vi. Og etter kvart ganske lattermilde. Dette er jo berre tull! Da vi omsider kom fram var det godt at det var dette som møtte oss:

Utsikta frå verdens flottaste sommarhus! Hjelpes kor heldige vi er som fikk vere her. Målet var ein vennefamilie som flytta frå Bergen i vinter som var her på ferie akkurat den veka vi skulle til området. Vi var der saman med ein anna vennefamilie frå Bergen, så det var folksomt i huset med seks voksne og seks barn mellom 13 og 2 år. Sidan det var nydleg vær når vi var der gjekk det veldig fint!
Vi tok turen til Kungshamn for å sjå på livet, båtane og spise is.

Også bada vi. I timesvis!


Utsikt frå terassen
Her var vi i to netter og fikk masse leike og pratetid! Litt seint i seng kanskje (det er vanskelig å leggje seg når ein er i godt seleskap), men vi sov godt og hadde det så kjekt at det gjorde absolutt ingenting. Kvelden før vi skulle reise grilla vertskapet masse deilig mat til alle 12 - mmmm - det beste grillmåltidet i år!

Det nærma seg midten av ferieturen vår og etter frukost tura vi innover i landet etter å ha dobbeltsjekka ruta med de lokalkjente. Skara - here we come!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...