mandag 8. august 2016

Lilleputthammer og Rustberg camping

Vi ville ha oss nokre dagar på Rustberg camping i Øyer kommune også i år. Her har vi vore ein del gonger før så ungane (særleg storebror) har veldig gode minner herfrå! De fikk velge om de ville vere i Lilleputthammer ein dag, eller i Hunderfossen - begge ligger like ved Rustberg.
De valgte Lilleputthammer, da vart det tredje gongen de har vore der. Men det var heilt supert i år også, og det er faktisk tre år sidan vi var der sist! Ungane var store nok til å ta alle tingene aleine og i tillegg hadde parken utvida på fleire måtar. Sjølvsagt er det de små husa som er så koselige å sjå til -  men i tillegg hadde de så masse anna!
Som til dømes desse ballane som ungane kunne vere inni og gå på vatnet! Den dagen vi var der var været ganske ustabilt, så det var ikkje så mange unger der. Det var liten kø på alle tingene, også denne aktiviteten som ikkje tar så mange om gongen. De hadde to ballar og tok de inn og ut etter kvarandre. Her er det storebror som prøvar seg! Dette gjorde de mange gonger - og eg og mannen er passe misunnlege for dette vil vi også prøve ein gong!
Nytt av året er ein eigen klatrepark i ein utvida del av parken. Her var det tre løyper for ungane. De fikk hjelm og skikkelig utstyr, og alle tre løypene enda med zip-line. Det var utruleg gøy for ungane! Og igjen, eg og mannen klødde i fingrane etter å vere med! I alle fall eg - vi var her halvanna veke etter at mannen fikk av gipsen på foten, så han var framleis ganske hoven. (Foten, ikkje mannen ;))
Lillesøster i fin stil på zip-line!
I løpet av dagen var det fleire show, både høgtlesing, teater, sirkus og her; trylling med heltar frå Norske Talenter. Storebror såg på Norske Talenter da det gjekk på TV og var særleg fan av tryllinga. Derfor var det VELDIG STAS å få komme fram på scena saman med desse to og hjelpe litt til. Han smilte frå øyre til øyre, og lykka vart ikkje mindre da han fikk ein ballonghund som takk. Lykka vart fort snudd til ulykke da den endte opp med å snurre seg ut og vart berre ein lang ballong da vi var på veg heim. Det er ikkje like lett å lage fine ting med ballong som ein skulle tru. Eg prøvde å fikse den igjen, men da vart storebror berre surare sidan eg ikkje fikk den like fin. Eg koste meg da!
Sidan det var ymse vær såg vi på alle showene som var, om ikkje anna som for å ha litt tak. Her er det ein sirkusmann frå Sverige som svetta seg igjennom ein show. Lillesøster vart tatt fram for å stå på magen til ei sirkusprinsesse; her står ho og får applaus. Haha, vi liker å sitte langt framme og da hender det titt og ofte at vi blir tatt med på scena. Vi fikk også med oss Vennebyen-showet som begynte kl.19 på kvelden, så vi var i Lilleputthammer i nesten 11 timar! Veldig gøy dag!
Dagen etterpå skulle vi vere i ro på campingen. Heldigvis var det knallvær innimellom regnbygene! Vi bada masse rett og slett fordi det var for varmt å sitte i solsteiken! Dette er forøvrig det bassenget er lærte meg å svømme i på 90-tallet så det er eit knakandes flott basseng!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...